Hopp til innhold

Side:J. E. Nielsen - Gamla segner fraa Valdres.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


4) k og g er sett for kj og gj fyre i og y, Ex. Kyr, kinne, lengi, Gygr. k og g uttalast i desse Tilfelle altid mjukt fyre y og javnast fyre i, Kjyr, kjinne o. s. v. Men fyre e laata k og g altid hardt, nær det inkje er skrivet kj og gj, Ex. gjenge, take, Kjeringe.

5) Dativ fem. hever eg skrivet med tvo n’ar, som, or Fikkunn, me Laatingenn, i Bygdenn.

Ved Uttala er elles merkande, at open o javnan læter som open og breid ø (millom aa og ø). ø er ogso komen i Staden fyre I) u (og ø) i præt. ind. og part. av sterke Verber Nr. 1 (Ljodskifte a–u (o) og Nr. 4 (Ljodskifte au–u); gamalnorsk, funno, sprungo, skuto, hluto laata soleides, fønno, sprøngo, skøto, løto; og II) fyre aa i præt. ind. av st. V. Nr. 2 (Ljodskifte (a–aa); saato, gaavo, baaðo laata søto, gøvo, bø’o. Likevæl verdt aa standande der som det alt finnst i Eintalsformi, som, laag laago, aat aato, saag saago. Ogso Fyrestavelsen aal læter som øll i nokre Samansetningar, Aalmuge, Aalmannveg; detta kjem væl av di, at aa læter stutt; for nær det er langt, helder det sitt vanlege Ljod, Ex. Haalis. Det er nokot meinslegt med all denne ø’en – for me trengde vel um try serskilde Ljodteikn – og eg ser no, at eg inkje hever voret stød i Skrivemaaten allestader.

Ymse framande (mest dansk-tydske) Ord, som funnost i Uppskr. som, bedrøva, begjevenheit, behøve, begjynne, drille, ganske, trabelt, o. fl., ero orskilde, og heimlege Ord sette i Staden. Soknarprest Belsheim og Kyrkjesongar Brandt, som hava hjelpt til med detta, fær eg hermed takka fyre Rettleidingi.

Um no Boki maatte faa so stor Avsetnad at ho kunde svara seg fyre Forleggjaren, er det Von, at det vil koma meir ut. Det, som endaa et atter, er gjengse Æventyr slike som dei try sidste i Boki.

Januar 1871.

Utg.