Side:J. E. Nielsen - Gamla segner fraa Valdres.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Fyreord.

Det er no tjuge Aar sidan det kom ut ei Bok, som heiter „gamla Reglo aa Rispo fraa Valdres“, uppskrivna av Andres Eivindson Vang, og detta var berre ein liten Lut av ei stor Samning. Valdresmaalet er eit av dei gjævaste Bygdarmaali, og av dei som mest likjast Gamalnorsk, og Samningi hans Andres Vang er den største, som me endaa hava fenget fraa nokor Bygd. Han fortener so myket større Takk fyre sitt trottuge Stræv fyre di, at han tok til med detta paa ei Tid, daa Aalmugamaalet endaa var mismætt. Daa Forleggjaren til denne Boki sidan vardt Eigar av Samningi, vardt det tilætlat aa gjeva ut meir. Men ho syntest aa trenga um nokor Umbot i Skrivemaaten, og det vardt ogso gjort ymse Tiltak; men stødt kom det Meinhøve i Vegen. No kjem daa her meir or Samningi.

Dei Avbrigdi, som eg hever gjort i Skrivemaaten, ero serleg desse:

1) Uppskr. hever stendigt ø fyre den vanlege opne og tonelause e, Ex. Ekkjø (Ækjø), Slirø, storø, tekø, sitø, o. s. v. Eg hever sett e, syte di at det høver best etter Uttala, som væl kann hava ein ørliten Svip av ø, men det er ogso alt.

2) Eg hever sett rd (rð) fyre r i, Gard, Ferd, hard, o. s. v. I Vang læter det som ein hard r, men utanfyre med den vanlege austlendske Uttala av tjukk l.

3) han, hono og henne er skrivet soleides fullt ut; i Uppskr. oftast ho og ’n; hennar læter i Vang henne (hennø), men utanfyre henna og hennar.