Hopp til innhold

Side:J. E. Nielsen - Gamla segner fraa Valdres.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
10

fere: „der ligg’e Kristi Kross“. Detta sa’e dai ette kort som rai um han; men ette rai de ain gamall’e Mann, aa han sa’e de: „aa nai detta e ’ki Kristi Kross; de e han gamle Haavar Bø. E ha ofto vore hjaa hono i Jolo e“, sa’e han. „Statt upp Haavar aa skunde de nord att! Svarte Merre di ha vorte so oversle klen’e taa Trøllre’, at ho vil te sturte, men du ska la’ store Dyrebyrsa di me laust Krud aa skjøte so over ho ifraa vingstre Si’unn, aa so ska du merkje henne Blo i høgre Oyra’e aa gjeva henne, so kvikna ho te att“. Han Haavar skunda se de meste han vann, aa daa han kom nord att, laag Merre ute i Garde aa spente aa sparka aa inki orka staa paa nokon Fot. Han skunda se aa ladde store Byrsa si aa skaut over ifraa vingstre Si’unn aa merkte henne Blo i høgre Oyra’e, som Jolesvainen hadde sagt. Trast rennde Merre upp aa va sprettande frisk’e att, endaa alle som saago ho fyrr trudde skile, at ho hadde sturta paa Flekke.


Paa ain Gard som aite Flaten budde for mønge Aar si’a ai Kjering, som aitte Berit, aa ho va ai navngjeti Kjering. De kunna alle segja taa henne Berit paa Flate; ho va glup’e te stelle se, aa ai gild’e Kjering va de i alle Maata. Mannen hennar aitte Ingvar. Ho Berit va framsyn’e, de vil segja, ho kunna sjaa alt, som va hyldt for hino Folke. Dai som era framsyne sjaa de som e hyldt, um dai halde att Augo ’aa halde Hendadn atfor, aa ko dai halde atfør Augo so sjaa dai, undtaken nær dai leggje Høndebaken atti Augo; daa sjaa dai inki. De kann vera godt aa vera framsyn’e, men dai hava inki godt