tryaa Daga, men daa gjengo dai tett ve Stølen, aa lel hadde dai ’ki vore synle for hono. Han fortelde si’a, at nær han va ait Stykki fraa Støle, daa hoyrde han Bjølla, men nær han kom atpaa Stølen hoyrde han inki ai Grand. Solais plaga dai han paa mange Maata, men de som verre va, han hadde alder ain Helsedag si’a. Me hono Nils gjekk de ogso gale; ifraa dai Ti’enn han tok te me aa fri te Gjentunn fekk han illt i aine Foten sin, aa den vart stødt verre. Paa Slutna’n vart han so halt’e, at han laut gaa me ain Stav, aa klen’e me Helsunn vart han ogso hellest. Dai sa’e jamvæl, at han doyde me dai klene Fote. Likeso gjekk de me Far aat Gjentunn, som hadde sett se so imot Giftarmaale hennar me Haugakare; han va alder frisk’e ain Dag si’a; men Gjenta sjøl slapp nokolaine, aa de va no taa di maaveta, at ho hadde vilja take han, ess ho hadde faatt Løv; men hona gifte se inki si’a.
I nordre Bø va de ain gamall’e Mann for noko monge Aar si’a, som aitte Haavar; han va so væl kjend’e me Preste, aa so gjekk han stødt te hono kor Jolefta me Gaavo. Presten gjorde hono te go’e daa me Mat aa Drykk, aa so hende de ain Jolefta, at han Haavar drygde so lengi, at de vart myrkt, fyrr han gjekk or Prestgarde. Han hadde inki fullt ain halv’e Fjordung aa gaa. Daa han kom nord um Klukkarhaugadn, me kalle, kom de ette hono ain hail’e Raig me Jolesvaina ri’ande. Han Haavar viste ’ki mair ell ai Raa han; han la’e se utum Vegen vi’opin aa slo ut Hendadn, de meste han kunna. Daa dai komo so nemme, at dai saago han, sa’e den som rai