Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Ein kann ikkje flaa det, som ikkje er fangat. — Faa fyrst, og flaa sidan. (S. Hud).
Flekk. Ein ser snarare ein Flekk paa andre en paa seg sjølv. (Jf. Lyte).
Det er ikkje faarleg Flekk, som ein kann vaska av seg. — D’er reint Lyte det, som ein kann tvaa av seg. (Hall.)
Flekkjer paa ein Maalar er ingi Skam.
Flesk. Det er fyre Flesket, at Grisen er gjødd.
Den som elskar Flesket, skal ikkje hata Grisen.
Flesket heng aldri so høgt, at Hunden ei ventar Beinet.
Flesket frys ikkje. (Vald. Segner lV, 105). Flesket frys ikkje; Turrfisken speikjer ikkje. (Stjordalen). ɔ:—— Det som enten er meget fedt eller meget tørt, kan ikke fryse.
fleste. Det dei fleste vilja, er vissaste Raadi.
Dei som er dei fleste, faa fram det meste. (Men det er ikkje alltid det beste).
Det ser alle paa dei fleste, og faae paa dei beste.
Dei fleste vil hava det beste, og ingen det verste.
fljota. Der det største kann fljota, flyt det minste med. (Om Baade og Ladninger).
Der ein flyt i Fjøre Sjø, der flyt ein vtst t Flod.
fljnga. D’er vondt aa fljuga vengjelaus.
Ein fær ikkje fljuga, fyrr Vengjerne er vaksne.
Ein fær vel fljuga, um ein ikkje er Falk. (Tel.).
Den som ikkje kann fljuga, fær fylgja Marki.
Det flyg no myket, som ikkje er Fugl.
Fluga. Svoltna Flugor stinga saart.
Fluga flyg so lenge um Ljoset, at ho brenner Vengjerne av seg.
fly. Den som flyr er ikkje sallen.
Ein flyr ikkje endaa, um ein gjeng eit Stig attertil. — Dei fly ikkje alle, som undan ganga.
Dei vonde fly, der ingen elter deim. (Bibelsk).
flytja. Den som skal flytja, fær mangt aa føra.
Det veit ingen kvat han eig, fyrr han skal flytja.