Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Ein Drope gjerer Glaset for fullt. — Slaa ein Drope i eit fullt Glas, so renn det fleire Dropar utyver.

drukken. Drukken trivst millom drukkne best.
Drukken talar det udrukken tenkjer.
Det drukken bryt, fær han udrukken bøta.
Drukken Manns Ord er Draumom like. (Landst. 384). Jf. Draum.

drukna. D’er leidt aa drukna paa turre Landet.
Han druknar ikkje, som hanga skal. (Leem’s Optegn.). Tydsk: Wer hängen soll, ersäuft nicht).

Drykk. D’er ingen Drykk, som duger mot Dauden.
Det fell fleire av Drykk en av Torste.
Det talar alle um Drykken og ikkje um Torsten.
Drykken skal vera syre Torsten og ikkje fyre Losten.
Drykken lyser løynde Tankar. Eller: mangt som er lenge løynt. — D’er mangt, som kjem upp i Drykken.
Drykken talar, og Mannen tegjer. (Rbg.). — D’er Dryk- ken som snakkar og ikkje Mannen. (Berg.).

Drøsor. Det vilde færre søra Drøsor, naar særre vilde høyra deim.
Etter Drøsor og Draum skal ingen giva Gaum.

drøyma. Den som drøymer vondt, er glad, daa han vaknar. (Han ser, at det var ikkje sannt).
Den tyrste drøymer um Drykken (og den drukne om Torsten).

duga. Det som ikkje duger, er alltid nog av.
Det duger inkje ufreistat. (Oftere: vanfreistat). G. N. Ekki dugir ufreistat.

Duk. Di finare Duk, di fyrr kjem Dumba paa.
Det som ikkje duger til Duk, det duger til Turkar-klut.

Durstokk. Kvar ein kjem, snur Durstokken paa tvert. Ostl. (ɔ: Alllesteds er noget i Veien).
Durstokk-Mili er alltid lengst. (De første Skridt fra Hjemmet kræve den længste Tid).

Dygd. D’er ikkje langt imillom Dygd og Udygd.
Der Dygdi vantar, er Vænleiken litet verd.