Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Det er osta Dygdi bur, der ingen trur.
Dygdi syner i Motgangen mest.
Dygd er beste Heimansylgja.
Dygdi gjeng ikkje altid i Arv. (El. —i Erve).

dylja. D’er ikkje verdt aa dylja det som Folk vita syrr.
D’er seint aa dylja det kvar Mann veit.

dyr. Det dyraste vil vera det kjaeraste.
Dyrt og godt er ingen til Spott.
D’et alltid for dyrt, som ikkje duger.

døma. Det dømer kvar etter sit Vit.
D’er vandt aa døma i si eigi Sak.
D’er vandt aa døma andre, naar ein er sakad sjølv.

døya. Eingong døya skal alle Mann.
D’er betre aa døya med Æra en liva med Skam.
Han døyr som er seig, og liver som er feig. (DeFine 225.)
Det døyr no ingen av store Ord.
Ein døyr ikkje av Smellen, naar ein ikkje fær Skotet.

E.

Egg. Den som vil hava Egg, fær ikkje hata Høna.
Eit halvt Egg er betre en tome Skalet.
Uvorpne Egg er uvisse Fuglar. (El. Kyklingar).

eggja. D’er illt aa eggjast med sin Yvermann.

eiga. D’er betre aa eiga enn alltid leiga.
Han skal myket eiga, som alt skal leiga. (ɔ: Han maa have noget at betale Leien med). Hard.
D’er betre aa eiga en aa ynskja.
Det veit ingen kor myket han eig, fyrr han skal flytja.
Den som sjølv eig, han sjølv raader.
D’er illt fyre den, som med ein skal eiga, og med ein annan skal ala. (D. e. som avler med den ene og avfostrer med den smden, nemlig i et nyt Ægteskab). Hard.