Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Det er ikkje burte. som atter kann koma.
D’er ikkje burte, det ein giv Grisen sin.
Naar burte er sreistat, er heime best. (P. Dass 1,2l6).
Burte er baade steikt og sodet; heime er daa beste Bodet. (Berg. Nordl.).
Den som er burte, høyrer ingi Bøn.
Naar Folk er burte, ser ein best, kvat dei dugde.
Buskap. Ein stor Buskap treng eit stort Beite.
Liten Buskap giv liten Avdraatt.
By. Ein By er ikkje bygd paa ein Dag. Ogsaa: Byen var ikkje bygd paa ein Dag. Ligesaa: Rom var ikkje bygt paa ein Dag.
Di større By, di mindre Husrom.
byggja. Den som vil byggja, skal fyrst have Tust. (El. Grunn). —Ein skal byggja paa Tufti og ikkje i Lusti.
Den som byggjer stort, kann koma snart i Skort.
D’er leidt aa byggja seg husvill.
D’er leidt aa byggja upp med den eine Handi og riva ned med den andre.
Den som byggjer ved Landsvegen, sær mange Laftarar. El. —mange Meisterar.
Skal ein byggja etter kvar Manns Raad, so kjem det aldri Tak uppaa. Østl. (Ogsaa i Svensk). — Den som byggjer etter kvars Manns Raad, hans Hus kjemer skeivt aa staa. (Berg.) Ogsaa i Dansk. — „Den som vil byggja ette’ kvar Manns Raa’, han fær manga Naverna paa“. Hardanger. — „Byggje du Hus ette kvar Manns Raa, saa kjem dæ alle(r) beint aa staa“. Stavanger. (De Fine 232).
Den eine byggjer; den andre bur i Huset. Vald.
Det som braadt er bygt, det stend ikkje trygt.
Beste Byggjaren høgg minste Sponarne.
Byr (y’). Han fær eingong Byr, som bidar. — Han fær Byr, som bidar, og Hamn, som ror. Nordl.
“ “ “ ikkje kvar Dag, at Byren blæs.