Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Byren bidar ikkje paa Siglaren. — Byren bloes lika godt, um Siglaren søv elder vaker.
Det som er ein Manns Byr, er annan Manns Andror.
Maateleg Byr er best
Byrd. Ei liti Byrd verd i Lengdi tung.
D’er lett Byrd, som med Lyst er bori.
Den som Byrdi ber, veit best kor tung ho er.
Den som tek Byrdi paa seg, fær bera henne.
byta. Der som er nokot til aa byta, er nokot til aa kyta. Vald. (Hvor noget skal fkistes, bliver gjerne noget at anke paa eller tviste om).
Den som byter, skal taka sidste Luten. (Den som deler S1umpen, skal ikke vælge sin egen Deel).
Naar alt er bytt, verd ingen snytt. (Tel.).
Byte. Det er godt Byte, som er til Bate paa baade Sidor. — El. Godt Byte som batar baadom. (Rbg.).
For mange Byte er til Lyte. — Med nytt Byte fylgjer nye Lyte.
Byte er gjort fyre Lyte. Valders. (Meningen er vel at maa vil skille sig ved Tingen, fordi den har en Feil).
Bytta (y’). Den nye Bytta er alltid kvit. Trondh. Bytta gjeng so lenge til Brunnen, at ho brotnar. D’er ikkje aa undrast, at Bytta lek, naar Botnen er laus El. —naar Botnen er or.
bæsa. D’er godt aa bæsa gamle Kyr; dei bresa seg sjølve.
Ein skal ikkje bæsa uboren Kalv. Nhl. og fl. (Bæsa: sætte paa Baas).
Bøn. Di stuttare Bøn, di større Aalvora.
Faa me ikkje vaar Bøn, so faa me nokot, som er betre.
Leide Bøner byrja med fagre Ord (Jf. Det vil gode Ord til ei laak Ærend).
bøta. D’er best aa bøta, fyrr Bresten verd større.
Det held so lenge bøtt som heilt. (Tel.).
Det verd inkje so vel bøtt, det ei var betre heilt.
bøygja. D’er betre aa bøygja seg en støyta seg.
Ein fær bøygja Kvisten, medan han er ung.