Side:Ivar Aasen - Norske Ordsprog.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Barnesorg er snart sløkkt. —— Det vil litet til aa hugga eit Barn. Han er liten Barns Hugnad. (Vald.).
Barneverk er ikke Mannsverk.
Bate. Ein liten Bate fører stundom til Skade.
D’er alt godt, som er ein til Bate, og ingen til Skade.
Den som heve Baten, kann og tola Skaden.
Alle Batar kann ingen venta. — Ofte i en mere fremmed Form:
Ein kann ikkje venta alle Bilkori.
Baat. Liten.Baat er lett aa bryna. (ɔ: Trække paa Land).
D’er betre ein heil Baat en eit brotet Skip.
Den som heve Baat, han gjeng ikkje Bikkjestrandi. (Sdm.)
Han kjenner Baaten best, som bygt heve.
Smaae Baatar smetta sram, der store Skip standa faste.
Smaae Baatar faa fylgja Landet (og smaae Folk maa fylgja Standet).
Gamle Baatar vilja leka.
Baatelaus Mann er bunden til Landet.
Bein. Berre Bein kunna ikkje liva. (Det maa vera nokot Kjøt paa).
Den som vil hava eit Bein fraa Hunden, fær giva honom Flesk i Staden. (DeFine 241)
D’er betre aa kasta eit Bein aat Hunden en bitast med honom. — Lat Bikkja hava Beinet, so bit ho ikkje.
bein (adj.). Der ein ikkje fær ganga bein, lyt ein bøygja seg. — S. luta. —
Det beinaste er stundom seinaste. — Beinveg verd ofte Seinveg.
Beint fram er vissaste Vegen.— Beint fram er stuttaste, men ikkje alltid lettaste.
Bekk. D’er betre aa stemma i Bekken en i Aai.
D’er ikkje verdt aa ganga yver Bekken etter Vatn.
Mange Bekkjer smaa gjera ei stor Aa.
bera. Det ein ikkje kann bera, fær ein draga.
Det fær kvar bera si eigi Byrd.
Den som myket skal bera, fær ikkje hoppa høgt.