Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/472

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
466
KNUT LIESTØL.


»Det er på ein gong storfelt og vilt som eit eventyr«, segjer Halvdan Koht[1] um hendingane i Robyggjelaget 1541. No hev me set at det røynleg er gamal dikting som på ein underleg måte hev vakna til nytt liv att her.

Hadde me no kjent forteljingi um bondeupprøret 1541 som ei gamal munnleg fråsegn berre, og me so hadde funne alt dette um huneheren i Sverike både frå ei eldre og frå ei nyare tid, so vilde me visseleg ha sagt: det dei fortel i Setesdal må vera uhistorisk. Det er berre ein variant av ei vanleg vandresegn; det kann ein prova med det at alt fyrr hendingane i Setesdal skal ha gjenge fyre seg, må segni ha vore kjend i Sverike.

Og likevel vilde denne rimelege slutningi vera gali, for di hendingane i Robyggjelaget er historiske.

Ein kann ikkje rekna med noko tilfelle her, og daa er det berre ei forklåring: dei gamle robyggene hev høyrt forteljingi um hune-heren; dei hev tykt at her var det gjort slikt eit karsstykke at det burde gjerast ein gong til, og so hev dei drege av stad.

Forteljingi hjå Stig Bagge vert på den måten eit merkelegt døme på den samanheng det kann vera millom dikting og liv.

Liksom diktingi er runni upp or samtidslivet og byggjer på dei røynslone diktaren hev havt, soleis kann diktingi verka tilbake på livet: menneski skipar seg i livet etter fyrebilete dei hev funne i diktingi. Det er eit ålkjent fænomen – frå småguten som les indianar-forteljingar og so leikar indianar, til den danske kongen, »der rider sin hvide Hest gennem Gaderne ved Troppernes Afgang som Valdemnr Sejr og Erik Menved og slaar op med Haanden og siger: »Tak, Tak, Børn!« ligesom denne sidste (det er de sidste Ord i første Del af [Ingemanns]

  1. Historiske afhandlinger tilegnet professor dr. J. E. Sars, s. 147.