Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/471

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
465
HUNE-HEREN.


I Didriks saga er, som alle veit, Húnar, Húnaland og Húna herr mykje umtala.

Det som her er gjeve, er berre eit samanplukk av citat um huneheren or ymse kjeldor, frå fleire land og frå ulike tider. Me skal ikkje her gå inn på spursmåli um lærd eller folkeleg tradisjon og um samanheng millom desse fråsegnene. Sjølve citati er nok til å visa at tradisjonar um huneheren hev funnest i dei nordiske landi frå ikr. 1200 og utetter; for det er nettupp i sovorne fråsegner som må ha vore kjende både på austnordisk og vestnordisk umråde at huneheren er umtala. Hervararsaga er på fleire måtar knytt til svensk tradisjon, og Didriks saga gjorde den nedertyske tradisjonen um hunane kjend både i Noreg og Sverike.

Huneher var i heltediktingi eit minne um hunnne i folkevnndringstidi; men etter kvart synest ordet huneher å ha vorte eit slags samnamn på ein stor her, som plyndrar og herjar og fer vide ikring. Hjå almugen hev den eigenlege tydingi av ordet hunur vorte gløymd, og so hev samansetningsleden huna- vorte knytt til mannsnamnet Hune eller Hun. Ein ser at alt Saxo let hune-kongen heita Hun. Fråsegni um huneheren hev sidan runne saman med forteljingi um eit bonde-upprør. Kanskje det hev gjenge til på den måten at føraren for dette uppstandet hev heitt Hune, og namnelikskapen hev drege inn i forteljingi um uppstandet motiv som elles knyter seg til huneheren. Skulde draget um at bondeheren kom til Rom vera eit minne um den ferdi hunane gjorde til Italia i 452? I so fall måtte det vel på ein eller annan måte vera tale um lærd påverknad. Men ei Romaferd stod for folkehugen som eit bilete på ei ovleg lang ferd, so det er vel tenkjelegt at Roma-namnet kunde smetta inn av den grunn.