Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/470

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
464
KNUT LIESTØL.

konunger. ok hans son thørgillus alt spaniol landh«[1]. Det er å merka at kjelda for vedkomande bolk av legendariet, Jacobus de Voragines »Legenda aurea« ikkje hev noko um at Huneheren var komen frå Karelen, heller ikkje at Marcianus vann på hune-heren »mz gøtha hiælp«; heller ikke nemner »Legenda aurea« noko um at Thidrik av Bern var konge då. Den svenske forfattaren hev tydeleg interessera seg so mykje for hune heren at han hev funne grann til å supplera Legenda aurea etter andre kjeldor.

Siste bolken i Hervarar-saga fortel um striden millom Angantyr (III) og halvbror hans Lod (Hloðr). Lod var dotterson til hunekongen Humli og vart fostra i Hunaland. Då kong Heidrek, far til Angantyr og Lod, var avliden, drog Lod til broren i Reidgotaland og kravde helvti av arven. Ei kjempe hjå Angantyr, Gizur Grytingalidi spotta Lod, so han i harme drog attende til Hunaland. Saman med morfaren samla han ein uhorveleg stor her av hunar; dei drog gjenom Myrkviðr og fall inn i Gotaland. Dei drap grensevakti, og »taka nú at herja um landit víða ok at brenna«[2]. Men Angantyr samla ein her og drog imot dei, og endskapen vart at hunane tapte etter eit blodigt slag som varde i 8 dagar. Både Humli og Lod, førarane for huneheren fall.

I Ásmundar saga kappabana kjem Hildibrandr húnakappi med ein her av hunar til Danmark og hemner far sin[3].

I Ǫrvarodds saga er det tale um Húnaland og Húnaherr. Orvarodd hadde ei klubbe til våpn, ein gong han var førar for hune-heren.

  1. II, s. 681.
  2. Hervarar saga, Bugges utg., s. 279.
  3. Detter, Zwei fornaldarsögur, s. 85.