Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/473

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
467
HUNE-HEREN.

»Kong Erik og de Fredløse«) og som Niels Ebbesen«[1]. Folk kann lata det dei hev upplevt i diktingi eller fråsegni verka på deira eigi livsførsle. I eldre tider, i meir einfelde livshøve og hjå folk med sans for historie og dikting og med eventyrhug i blodet, må ein rekna med at denne etterlikningi kunde få dramatiske utslag og vera med å skapa ny historie – soleis som det skjedde i Robyggjelaget i 1541. Både i ord og i gjerning tek dei etter det gamle.

Når me hev tvo forteljingar – ei eldre og ei yngre – og dei likjest so mykje på einannan at det må vera samanheng imillom dei, so sluttar me, som fyrr nemnt, at me hev med ei vandresegn å gjera eller at i minsto den yngre forteljingi ikkje kann vera historisk. Og det vil nok visa seg å vera det rette i dei fleste tilfelle. Men det er ikkje alltid so visst. Kven veit um ikkje hovudpersonen i den yngre forteljingi kann ha havt den tilsvarande personen i den eldre forteljingi til fyrebilete og gjort det same ein gong til?

Gudrun Osvivsdotter i »Laxdøla« er so lik Brynhild i eddakvædi at me kjenner på oss at her må det vera ein samanheng. Men korleis? Er det sogemannen som hev kjent til heltediktingi um Brynhild, funne ein viss ytre likskap millom hugnaden åt Brynhild og lagnaden åt Gudrun Osvivsdotter, og so dikta noko av Brynhilds sjel inn i Gudrun? Eller er det den historiske Gudrun som hev kjent til diktingi um Brynhild og so fare åt som ho tenkte Brynhild vilde ha gjort? Det kann vera vandt å svara på. Men hendingane i Robyggjelaget 1541 lærer oss at ein må vera varsam i slike tilfelle og ikkje utan nærare gransking draga den slutningi at det yngre tilfellet er uhistorisk og berre ei litterær etterlikning av det gamle. Det kann vera ei etterlikning som er historisk, d. v. s. røynleg sett ut i livet.

  1. Vilh. Andersen, Illustreret dansk Litteraturhistorie II, s. 234.