Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/466

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
460
KNUT LIESTØL.

Bagge fortel og den svenske tradisjonen, og det fyrste spursmålet som melder seg er då dette: Kann me prova at segni um Hune-heren hev vore kjend i Noreg? Ja, me møter henne alt i ei uppteikning frå året 1595 som dr. R. Th. Christiansen hev vist meg. I biskop Jens Nilssøns Visitatsbøger og Reiseoptegnelser 1574–1597 (utgj. ved Yngvar Nielsen) er det fortalt at den 25de juli 1595 var bispen i Saude i Telemark. Då han var til bords hjå hr. Laurits i prestegarden, »komme de i tale om en hed Houne Hokeli boendis vnder Hogeli field som ligger fra Vennie 2½ mill i norduest, at begynte først til Rommerport met kiøller, och en hedt Torbiørn Tælen hand vaar medt« (s. 405). Skrivaren hev anten ikkje retteleg fenge tak i samanhengen eller ikkje brytt seg med å skriva det upp skikkeleg Men me kjenner likevel forteljingi um Hune-heren lett att: det er tale um ein Houne og um ei ferd til Romaport med klubbor (kiøller = gn. kylfur).

Her er segni heimfest til Vinje, som er grannebygd til Valle i Setesdal. Både Valle og dei fleste andre bygdene i Robyggjelaget hev frå gamalt havt mykje samkvæme med Telemark, so segner hev lett kunna vandra att og fram.

Men me finn segni i sjølve Robyggjelaget au, og det so seint som i det 19de hundradåret. I Johannes Skars handskrivne samlingar (i Norsk Folkeminnesamling, Skar 7,80) finn ein denne forteljingi or Setesdal (truleg frå Bygland):


Hunehemndi.

Det kom eingong ein Lutmann til Hunemoen (Gjævedal) og kravde Skjot; men Mannen svarad at han hadde ikkje Hest, so han kunde gjera det. »Men vil du vera velfaren med di so skal eg draga deg«, sagde han. Ja, det vilde han vera. Mannen tok so Skrini hans og sette