Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/467

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
461
HUNE-HEREN.

paa ein Kjelke og Lutmannen ovanpaa og so bar det i Vegen. Men daa det ikkje gjekk fljot nog, tok Lutmannen til aa myrja paa Bonden; han vardt so endeleg harm, tok ei Skide og slog ihel Lutmannen. Daa gjekk Hunemoen til næmaste Gard og sagde til Mannen: »No heve eg slegjet ein Lutmann ihel, og soframt du inkje fylgjer meg, so slær eg ihel deg og – han fylgde. Soleides gjekk dei gjenom alle Bygder og Manna-mugen aukad som Snjoskreidi. Daa dei kom til Arendale, var dei ein uhorveleg Her. Dei vilde inkje vita av dei gamle Embettesmennerne, dei klembde alle Storkararne inn i Kyrkja. Dei maatte falle paa sine berre Kne og beda um Naade. Dei vardt alle avsette og nye innsette i Staden deira.


Ei onnor forming hev Skar prenta i »Gamalt or Sætesdal« V, s. 101:

Lytnanten.

Der kom ein Lytnant til Hunemo og kravde etter Skyss – der var Skyss-skaffar paa Hunemo. Men Mannen hadde inkje Hesten heime, og daa var der inkje anna til: han laut draga Lytnanten og Skrinet hans paa ein Kjelke. Han gaadde inkje aat, so fekk han eit Drag av Svipa. Daa slo han Lytnanten i Hel med ein Staur. So tok han heim til fyrste Gard og fann Mannen. »Eg hev drepe ’n Lytnant, aa du lyt fygje aa samle Fokk; hellis drep eg deg!« sa han. Dei gjekk or Stoge og i Stoge alt til Aandalen og samla; daa var det ei Skreid so stor at der aldri var Leid med. Storkarane var vordstøkte; dei rymde inn i Kyrkja og la seg paa Kne og bad fyre seg.

Dei kalla denne Ruplen »Hunemo-hemndè«.


Det er lett å sjå at dette er same segni som den Ingemar i Öna fortalde. Me hev båe stadene storkaren