Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/465

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
459
HUNE-HEREN.

och den som inte ville följa med, slogo de ihel. Slutligen gåfvo de sig ut ur landet, och hvar de kommo, bad folket Gud bevara sig för Hunne och Huna-här«[1]. Kor djupt Huna-här hev trengt inn i tradisjonen, kann ein m. a. sjå av at Odans här i Unnaryds socken af Finveden ogso heiter Huna-här[2].

Ser ein no på denne svenske tradisjonen, vil ein der finna att fleire ting som likjest so mykje på det Stig Bagge fortel at det må vera samanheng på ein eller annan måten. Til alle variantar av den svenske tradisjonen er ordet Huna-här knytt (hjå Ingemar i Öna hev me berre umtalen av heren og so namnet Hune-smed). Liksom den svenske bonden Lars Jonsson i 1538 talar um «en Huna-här«, som skal »slå ihel allt riddarskapet och adeln«, soleis fortel Stig Bagge tri år seinare um »en hune herre«, og segjer at bondeflokken hadde »udi agt og mening ihjelslaget alle fogder og lensmænd«. At draget um spikarklubba var med i den svenske tradisjonen alt i det 16de hundradåret, synest ein kunna sjå av det, at Olaus Petri nemner Huneheren og Klubbeheren saman. Det ser ut som det var tvo ulike formingar av same segni som han hev teke for tvo ulike segner. I det 19de hundradåret heitte bondeheren både Klubbeheren og Huneheren, som ein kann sjå av Hyltén-Cavallius’s uppteikningar. Dessutan møter me alt i tradisjonen frå 16de hdr. Hunesmed og han svarar til den smeden Hunne som etter tradisjonen frå 19de hdr. smidde spikar-klubba. – Både i den norske og i den svenske tradisjonen er det tale um eit bondeupprør, og fyremålet er båe stadene det same store: dei vil draga vide ikring og slå i hel alt storfolket.

Det må, som sagt, vera samanheng millom det Stig

  1. Wärend och Wirdarne II, s. I, cfr. s. 224.
  2. Same staden, s. 42.