Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/461

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
455
HUNE-HEREN.


Men når ein granskar detaljane i det Stig Bagge fortel, ser ein at bondeflokken or Robyggjelag ikkje såg fyrebiletet for den store herferdi si i liknande hendingar i den næraste samtidi, men i ei segn som må ha gjenge i bygdene der.

Stig Bagge fortel at bøndene hadde gjort seg ei stor klubbe med mange taggar, »og den som samme klubbe bar, holdt de for en hune herre«. Sjølve den ting at bøndene hadde ei slik klubbe med seg, er ikkje noko rart. I den norrøne litteraturen høyrer me fleire gonger um at klubba vart nytta i strid, og ein finn serskilt umtala gaddakylfur, klubbor med jarntaggar[1]. Dessutan synest klubba nettupp å ha vore eit bondevåpn, eller i det heile eit våpn for dei lægre klassone i samfundet. Johannes Steenstrup hev peika på at »Bondens Vaaben var i Danmark og vist i en stor Del af Norden Køllen, der ogsaa i Normandiet træffes i Bondens Haand«[2]. E gamal dansk uppteikning um det som hende i året 1256 segjer: »Kotkærle vare alle galne met there Kylwer«[3]. I Sverike finn ein ordet klubbohär bruka fleire gonger, som me sidan skal sjå. Klubbekrigen 1597 skal ha fenge namnet sitt av di at hertug Karl sa til dei osterbotniske umbodsmennene, at dei fekk slåst um ikkje med anna »så med störar och klubbor«. I den norske folkevisa um Råmund unge gjeng »Råmund, bondens son« til strid mot trollet med ei klubbe, medan kjempone elles i folkevisone nyttar sverdet i striden mot trolli.

Det som gjer Stig Bagges forteljing sermerkt er det han segjer um »en hune herre«. Dei som hev skrive um

  1. Sjå Falk, Altnordische Waffenkunde, s. 121.
  2. Normannerne I, s. 330. Cfr. ogso Alwin Schultz, Das höfische Leben zur Zeit der Minnesinger II, s. 213 og Hewitt, Ancient Armour and Weapous in Europe I, s. 57.
  3. Scriptores Rerum Danicarum III, 312 (Laurentii Stralii annales).