Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/460

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
454
KNUT LIESTØL.

til å vera med; han vil få greide på kva kongen vil at han skal gjera med dei. Han vil draga upp i Robyggjelaget og kua upprøret. Peder Hansson hadde sendt honom 60 mann og Tord Rooth 24, »oc acther ieg ther tiil att tage saa mange vnge karle her aff Liiste len att ieg thennom bestaa skal«[1].

Me hev ikkje fleire samtidige aktstykke um dette upprøret og veit ikkje noko nærare um koss det gjekk Stig Bagge på herferdi til Robyggjelaget. Men han fekk kua robyggene; Peder Claussen fortel at han »bleff dem for sterck och lod mange gribe och rette aff samme opreriske«[2]. Det må vera eit minne um desse hendingane, når dei i Setesdal i 19de hundradåret fortalde: »I same Bilet [som dei drap den fyrste lutherske Presten] tok Myrom’en ut or Tveitebø med 18 Kjempor til aa drepa Futen; Hopen auka allfort utigjenom Dalen«[3].

Det kann sjølvsagt ikkje vera nokon tvil um at dei hendingane som Stig Bagge fortel um, må vera historiske. Han var sjølv med og fanga upprørarane, heldt forhøyr og dømde dei. Brevet til kanslaren hev Stig Bagge skrive midt i upprøret, nettupp som han skulde fara til Robyggjelaget, og det han hadde fenge vita på forhøyret, måtte vera i friskt minne.

Upprøret i Robyggjelaget 1541 er eit av dei mange bonde-uppreist som me høyrer gjete i siste luten av millomalderen og fyrstningi av den nye tidi. Nett i 1530–40-åri var det urolegt vide ikring, ogso i dei nordiske landi. Året fyrr det bar laust i Robyggjelaget, var det upprør i Telemark, som Robyggjelaget grensar upp til og hadde mykje samkvæme med. Året etter (1542) kom det fårlege Dacke-upprøret i Sverike.

  1. Dipl. norv. XVI, 605 (s. 761 ff.).
  2. Samlede Skrifter, s. 225.
  3. Joh.s Skar, Gamalt or Sætesdal I, s. 15.