Side:Han Per og ho Bergit.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

vortet reint sint, han hadde reist seg fraa Krakken og dreiv upp og ned paa Golvet. Med det same høyrde han nokot tusta burt med Døri. „Kven er det?“ spurde spurde han og snudde seg. „Det er berre eg,“ sagde eit grant Maal, og inn dreiv Bergit med eit Fang Ved, som ho slengde fraa seg i Kroi. „Du heve vel aldri lydt etter det, eg svallad um med Mor di?“ „Nei daa!“ svarad Bergit, treiv Fyrklædet upp til Andlitet sitt og skundad seg ut gjenom Døri. „Kjem du inkje snart til Grauten,“ ropad Moderi etter henne. „Jau daa?“ svarad det ute i Gongi, men no kunde inkje Bergit halda Laatten lenger; ho skrattad, so det song i henne, foor som ein Tulling utigjenom yste Døri burtetter Tunet og upp aat Storbjørki i Bakken. Der datt ho i Koll og vart liggjande og skrattad og skrattad: „Nei Per! Per! no heve eg aldri høyrt nokot so løglegt fyr!“ „Kvat er tids?“ spurde Per, han kom framum Bjørki og slengde seg ned i Graset. „Fa’r min vil dengja deg Per!“ „Kvat Slag?“ sagde Per, gjorde eit Sett upp, heldt seg med baade Hender kring Knei og saag paa Gjenta. „Jau det er so sant, so sant, — og det vert inkje Smaajuling du fær der Gut.“ „Men korleides kann du vita det?“ „Jau, no skal du berre høyra. Du veit, eg bad deg ganga upp med Storbjørki og bida paa meg, med’ eg fekk skura sidste Bytta, og driva inn med eit Fang Ved. Best som eg daa skulde til at ganga inn i Stova, høyrde eg Far min snakka høgt med Mor mi. Og veit du, kvat dei svallad um?“ „Nei?“ „Det var um Nils, Klokkaren.“ „Kvat Slag? um Nils?“ „Ja, um Nils var det, og Far min sagde endaa, at han likad honom vel, og det skulde nog verta Parfolk av oss tvau, meinte han“. „Kvat svarad du daa Bergit?“ „Eg svarad