Side:Han Per og ho Bergit.djvu/6

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Kari snudde paa Rokken. So stod Arne upp og skulde kveikja Ljos. „Eg kunde nog hava nokot litet til at spyrja deg um og,“ byrjad Kari. Arne sette seg ned atter. „Korleides likar du han Per?“ „Han, Tenesteguten i Prestgarden?“ spurde Arne, tok Pipa av Munnen og saag med store Augo paa Kona si. „Eg meinte honom,“ sagde Kari, rikkad seg inkje fraa Stolen „Aa det er no vel inkje nokot til at skrønta av det, maa vita,“ sagde Arne og tok seg uppi Haaret, — „stor er han i Munnen, men store Ord gjera liti Gjerd, og store Lumor heve han i Broki, men inkjevetta i deim. Tenesteguten fær nog tena lenge, skal det muna nokot, og fatig Manns Mat er snart eten.“ „Snurr—rr—rr—“ sagde Rokken. Arne tagnad og glytte med den eine Augnakroi upp aa Kari, men ho sat lika høg og aalvorsleg som fyrr og mælte inkje Ordet. So sat dei no slik eit Bil. Men daa kunde inkje Arne halda seg lenger, han flutte seg att og fram paa Krakken. „Det er no vel inkje sant, veit eg, det, dei kviskra um i Bygdi, at han Per gjeng her stundimillom og lirkar?“ „Ein skal aldri lyda etter det, Folk drøsa um,“ svarad Kari og flutte litet paa Snelda. „Jau, for eg skal segja deg,“ kviskrad Arne, „eg heve stundom høyrt det tuska i Koven hennar Bergit, men eg heve inkje tenkt nokot vidare etter det. Det skulde vel aldri vera han Per, som gjeng paa Friing?“ „Eg kann no inkje vita det; ingen veit, kvar Haren gjeng, segjer eit gamalt Ord, men du er vel Kar til at vaka yver Dotter di du, veit eg?“ „Jau han skulde berre freista — slik ein Styving. Det er no vel Laurdagskvelden han lagar seg til, veit eg; men bid du Guten min, du skal nog faa Laug den Kvelden. Og heve du inkje fenget Juling fyrr, so skal du faa det daa.“ Arne hadde