Side:Han Per og ho Bergit.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

inkjevetta eg, for eg vart so full av Laatt, at eg litet kunde halda meg, der eg stod. Men daa kann du tru, at Far min lagde ut um Gardstel og Bunad hans Nils, — eg kunde nog høyra, at Klokkaren sjølv hadde preikat fyre honom, og so sagde han tilslut, at Unggutarne berre letst halda av ei Gjenta, dei sveiv fraa den eine til den andre. Er det sant det Per?“ „Trur du det Bergit?“ „Eg veit inkje, kvat eg skal tru.“ Og so log dei baade, og Per’en slo Armen um Midja hennar Bergit og vilde kyssa henne, men Bergit staut fyre med Hondi. Sidan glytte ho ikring seg, um det var nokon, som kunde sjaa eller høra deim, og — so kysste ho Per. „Men det er sant, eg fekk inkje høyra um Julingi, du veit,“ sagde Per, log og gjorde eit Kast med Hovudet, so Duffen paa Huva slang fram. „Nei, det var sant. Mor mi, ho sagde inkje nokot til alt detta, maa vita, men somyket kunde eg skyna, at ho inkje held nokot paa han Nils. Eg trur no, ho likar deg Per, for ho veit so vel, at du heve voret hjaa meg Laurdagskvelden, men ho heve aldri sagt nokot. So spurde ho daa sidan um, korleides han likad deg. Men daa vart Far min sint — han heve nog høyrt gjetet nokot um Friingi di han og, maa vita, for han preikad slik og var so vreid, at han mest gjekk utor seg. Og so sagde han, at kom han yver deg ein Gong, skulde han rundjula deg slik, at du nog skulde trega paa den Ferdi. No vil han visst lyda etter imorgon paa den Tidi, Gutarne pla koma. Han fær nog leita lenge daa, skal han finna deg.“ „Ja, kvat meiner du? skal eg koma, elder skal eg inkje koma?“ „Er du galen du? — du vil daa vel inkje dragast med Far min?“ „Eg kunde no sakta taka Gamlen veit eg,“ sagde Per og tok seg bak Øyrat, — „og det