Hopp til innhold

Side:Han Per og ho Bergit.djvu/42

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Femte Stykket.

Morgonen kom og var atter blank. Smaaregnet, som hadde fallet um Notti, hadde friskat baade Gras og Blom og heile Skogen etter den lange Turken. Alt stod blømande og angande. Vinden leikad med Regndroparne, som hekk i langa Rader fraa Grannaalerna og glitrad i Soli. Det var so svalt og friskt, kvart du gjekk, paa Marki, i Skogen, paa Fjellet. Og hadde du vunnet so langt upp som til Bjørnstadsætri, skulde du nog kjenna, du vart lett paa Foten. Lufti var so tunn og rein, at ho liksom vilde hevja deg upp, og Solstraalarne, som glimande lagde seg utyver heile Dalen, berre skjein men brende inkje. Du maatte verta glad i Hugen slik ein Morgon. Og difyre var det visst ogso, Bergit var so tidlegt paa Foten, trallad og song. Men tru, det var difyre, ho sveiv og dreiv ut og inn, og ingi Ro hadde paa seg, fyrr ho hadde teket Farvel med gamle Signe og hoppat som ei Erla ned etter mot Bygdi? Eg veit inkje, men spyr honom Per; han kunde fortelja deg nokot litet, kannhenda. Gamle Signe hadde myket at gjera den Dagen, for ho skulde baade vakta Fenaden og stella paa Gruva og skura Kjerald. Difyre let ho Sæterdøri standa paa vidt Gap og dreiv ut ein og annan Gong og skulde sjaa etter Fenaden. Best som ho stod og kveikte Eld paa Gruva og hengde Kjetelen paa, høyrde ho ein setja nokot fraa seg ute og so starva inn. Det var Klokkar Nils Torgerson. „Goddag, goddag!“ — „Goddag, sjaa aat du fær sitja.“ „Takk, takk!“ og Klokkaren sette seg paa Benken. „Er Klokkaren so tidlegt ute i Dag?“ „Ja, eg skulde no hava meg ein liten Fisketur nord i Vatnet, maa vita, — puh! det er varmt idag“, og Klokkaren