Side:Han Per og ho Bergit.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

turkad seg paa Skallen med Trøya si. „Du er, fulla, tyrst, kann eg vita, eg hever inkje annat at bjoda deg enn søt Mjølk.“ „Takk, som byd“, sagde Klokkaren og saag seg ikring til alle Sidor: „Tru kvar Bergit held til idag, ho maa daa vel koma snart, veit eg.“ So kom Signe inn med Mjølki, og Klokkaren tok imot. „Takk fyre god Mjølk“, sagde han og sette fraa seg paa Bordet. „Aa du maa no drikka utor.“ Takk, takk, eg lyt bida nokot fyrst. Eg fær vel Lov at sitja eit Bil hjaa deg. Vegen er lang, og Føterne gamle, og det er godt at faa seg ei Kvild imillom.“ Og Klokkaren skaut Pusten og turkad seg. So sat han. Tidi leid og skreid. Klokkaren svallad eit og annat um Vedret og saag seg ikring, rett som det var, um inkje Bergit kom. „Du lyt drygja i det lengste“, tenkte han, og so tok han seg ei Taar Mjølk i det same. Soli kom høgre og høgre, men det kom ingi Bergit. Klokkaren snudde seg paa Krakken. „Kvar i all Verdi kann ho verta av, eg trur, eg fær til at spyrja.“ Men Klokkaren spurde inkje, for i det same høyrde han nokot tusla utanfyre. „Godt var det, du drygde, Nils Torgerson“, log han med sjølve seg og sleikte seg um Munnen. Han reiste seg so blid, som han kunde og rette Hondi fram til at taka imot, men du kann tru, han fekk Hondi tilbaka atter, daa eit Hovud fullt av Onglar og sorkmolar stakk inn gjenom Dyri. .Goddam!“ sagde Engelskmannen, han fekk Auga paa Klokkaren og tok eit Stig att. Klokkaren stod og nidkrøkte seg og braut strakst paa det fine Maalet: „Nils Torgerson. Klokkar, til Tjeneste.“ Engelskmannen vyrde honom inkje, tok Signe i Hondi og slengde seg ned paa ein Krakk; „kann eg sitja hjaa deg ei Stund?“ spurde han. Signe var reint utor det, ho foor og stellte og rudde.