Side:Han Per og ho Bergit.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

„Eg fær inkje slik god Graut i Prestgarden“, tenkte Per. Og Per fekk ei Krus med Øl, og han fekk tvo, Arne sjølv kom med henne i Hondi. So rødde dei isaman. Per’en laut fortelja, og Arne lydde, saag imillom ned i Krusi, um ho var tom og baud meir fram. „Tru det lagar seg no“, tenkte Per, „so blid heve han aldri voret.“ Per reiste seg og takkad fyre Skjænken og takkad fyre Maten, og so gjekk han; men i det same han smatt ut av Døri, var det eit, som ropad paa honom. Det var Engelskmannen, som kom ned fraa Stova, der han hadde tytt seg og flitt seg paa nytt. Han held ei Setlabok i Hondi. „Here Mr. Per!“ sagde han kort og tok nokre Setlar or Boki. Per vilde inkje taka imot, han var inkje god til at tyda alt dette. „I will — thank you,“ sagde Smith, og dermed stakk han Pengarne i Hondi hans Per og gjekk inn i Stova. Per stod som fjettrad; no var det han, som hadde Taaror i Augo. Han saag paa Setlarne: „sju hundrad — og eit hundrad heve eg fyrr — sju og eit er aatta! So log han, so saag han paa Setlarne atter, so saag han paa seg og so saag ahn paa Døri, um han skulde ganga inn atter. Men best som det var gjorde han eit Byks: „no er, fulla, Gjenta mi, og Gud velsigne baade Stripafanten og Skardet og alle ihop,“ og dermed strauk han i fullt Laup uppetter mot Sætri og svingad Setlarne i Hondi. Snart var han av Syni millom Kjørr og Tre. „Kvat var, som stakk i Guten?“ sagde Arne, han stod i Vindaugat og saag ut, „er det komet ny Veg til Prestegarden paa det sidste, — det er daa Troll til Gut at vera snøgg paa Foten.“