Side:Han Per og ho Bergit.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

inkje Fossen fekk syngja Liksalmen yver honom fyre Kveld. Men der stod Engelskmannen paa Vegen. Det var nett, som ein tung Stein var fallen or Hjartat hans Per, daa han gjorde det sidste Bykset og kjende fast Grunn uppunder Foten. Han viste inkje, korleides det gjekk til, han hadde vortet so glad og lett, at han gjerna skulde taka i med ein Song; so saag han upp, og der stod Engelskmannen med det lognaste Andlet av Verdi, saag paa Klædnaden sin og turkad og turkad. „Have you a Kost? I am very skiten.“[1] Per glodda paa honom: „heve du set ein slik Vimring fyrr.“ Men endaa snaalare vart han, for daa han hadde byst seg eit Bil, stod han braadt still og saag lenge aalvorsamt uppgjenom Skardet; so strauk han Hatten av, kom burt aat Per og rette Hondi fram: „thank you Mr. Per!“[2] sagde han, og det var liksom Maalet skalv litet i det same; daa stod Taaror i Augo hans. Men meir sagde han helder inkje heile Vegen heimetter til Bjørnstadgarden.

Arne stod i Døri og ventad, hadde lagat Kveldsmat til og hentat upp Øl i den store Krusi. Per hadde inkje Tid til at bida, han maatte heim til Prestgarden strakst, ellest visste dei inkje, kvar han var avkomen; men Arne stivnøydde honom. „Du kann sagta vera tyrst, slik du heve strævat“, sagde han, og dermed tok han Per i Armen og inn i Stova maatte han. „Tru Bergit er her endaa?“ tenkte Per, han saag seg ikring; men Bergit var gjengi til Sætri fyre lengesidan. Og Per sette seg inn paa Benken. „Her er godt at sitja her“, tenkte Per. Og Per fekk Rjomagraut i ei stor Skaal. Kari sjølv auste upp aat honom.

  1. Heve du ein, Kost? — eg er ovlega skiten.
  2. Eg takkar deg, Hr. Per!