Side:Han Per og ho Bergit.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

og kastad eit Auga burt paa honom, der han sat krokutt med baade Hender liggjande paa Knei, saag beint ut, sagde inkje nokot, berre røykte. Men han Arne saag no inkje ut til at trøyttast so braadt, akslabreid og sterk, som han var; han Arne berre sat og grundad, og dess meir han grundad, dess meir røykte han.

„Eg vilde nog spyrja um eitkvart,“ sagde Arne sidstpaa, saag upp aa Kari og slo Pipeoska ut paa Gruvehella, — „korleides likar du han Nils, Klokkaren?“ „Aa jau! det er visst ein klok Mann og ein myket lest Mann, og god Røst heve han i Kyrkja.“ „Jau, og ein fin Mann,“ tok Arne frami og bles i Pipa si, „han kan vel eiga so innpaa nokre hundrad Dalar?“ „Venteleg det,“ sagde Kari og flutte litet paa Rokken, — „um han inkje heve sumlat burt alt det, han fekk med fyrste Kona si“. „Var det likt seg daa, slik fin og vitug Mann som han er, han heve fem Naut og tio Sauder.“ Arne ventad, at Kari skulde segja nokot, men ho berre snurrad med Rokken. „Han Nils tek vel til at eldast no?“ spurde ho og snurrad endaa meir. „Aa det er no inkje saa faarlegt med det,“ svarad Arne og gnikad seg med Huva paa Hondi, „han Nils er stor og sterk, og kann liva lenge endaa.“ „Snurr—rr—rr—“ sagde Rokken. „Heve han nemnt Bergit fyre deg,“ spurde Kari um eit Bil. „Det er nog inkje so reint fritt,“ sagde Arne, slepte Huva i det same, men bøygde seg og tok henne upp atter. „Kvat svarad du?“ „Aa — inkje nokot visst. Eg sagde no fyrst, at eg skulde røda med deg og sidan spyrja Gjenta. Det lyt verta ei Raad med det og, veit eg, — det heve no inkje Hast med Gjenta helder.“ „Det var eit sant Ord det Arne, du heve stendigt voret ein vitug og langtenkt Mann. Bergit er inkje