Side:Han Per og ho Bergit.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

meir enn sekstan Aar, og ho heve lenge, til ho kann gifta seg, slik Villstyring, ho er.“ Kari reiste seg fraa Stolen, tok nokre Pinnar, lagde paa Elden og bles paa Sidan sette ho seg paa same Staden, som fyrr. „Heve han Gjentelukka han Nils, meiner du?“ „Det kann no vel vera ymist det,“ sagde Arne og ruggad med Hovudet, — „det er med Gjentelukka som med Sunnanvind, han blæs idag, men imorgon heve han snutt seg. So lenge Gjentorna berre hava Unggutar um seg, er dei kaute og hava Sveinkallen til Glis og Laatt. Men naar so Gutaflokken rymer undan, og daa gamle Kallen kjem i Helgartrøya og friar, so er nog inkje Gjenta sein til at taka honom og segja Takk ataat. For naar berre Gjenta fær ein Mann, som er snild og vitug og heve nokot til at liva av, so kann det vera slik Slag med alt hitt. Kjærleiken kjem nog med Tidi, det er inkje nokot til at syta fyre, det inkje. Og slik Mann, som han Nils stend inkje kvar Dag i Vegen med Huva i Hondi, og det at verta Klokkarkona er inkje Kvardagsmat. Daa kann ho koma baade til Presten og Skrivaren og Futen, og dei er det, som styra alt ihop. Ho kann sitja i Prestastolen i Kyrkja, um ho vil, høyra Mannen sin syngja og sjaa, kor dei alle helsa paa honom, naar han gjeng ut saman med Presten. Han heve Kyr og Sauder og Gampar og alt det beste, som tenkjast kann. Og vil Gjenta styra, kann ho og det. Han er for stør no til at fara paa Leik og Dans, og er det litet Vit i Gjenta, kann ho nog svalla vel med honom, um han skapar seg galen ein og annan Gong.“ Arne hadde reint fenget Munnen paa Glid, men der slutad han. Han gjekk burt aat Gruva, kveikte upp Elden, fekk seg ei Pipa paa nytt, og no sat han nett slik, som fyrr, grundad og røykte.