Side:Han Per og ho Bergit.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

du binde meg? — very well!“[1] og Mr. Smith rettleide paa Plagget sit og strauk det, at det inkje skulde ballast for myket ihop. „Eg lyt nog binda deg, um du inkje skal stupa,“ sagde Per, og tok Reipet, slengde det um Midja, paa Engelskmannen, og tullad det tvo, tri Gonger rundt og vreidt det so fast, han kunde magta. Mr. Smith stod so tolug som eit Lamb, let Per stella med seg, som ha sjølv vilde og saag paa Utsynet: „a splendid view! — — ah — — you are ready? — am I to go on?“[2] „Lat skura,“ svarad Per, og so sette Engelskmannen seg paa Huk, studde seg med Hondom og let siga nedetter, so Jord og Smaastein rapad kring honom, medan Per hadde fenget seg eit godt Fotafeste, lagt seg aa Bak og stridde imot alt det, han vann. Hadde so Engelskmannen fast Stein til at standa paa maatte han bida, og no laut Per freista aaleine. „Det er godt at hava Skinnbrok imillom,“ tenkte Per, han skurad nedetter. Var daa Per komen vel ned, byrjad dei atter paa same Leiken. Engelskmannen gjekk fyrst, heldt seg i Reipet, naar det var paa det verste, stod ei Stund og drog Pusten, fyrr han vaagad seg vidare, og kjende seg fyre med Foten, for det var inkje greidt, maa tru, at skilja no i Skymringi, naar den eine bratte Fjellsida endaa til kastad Skygge. Per’en spende Sinarne, heldt seg fast, som galdt det Livet og tok Stig fyre Stig. Men det var inkje fritt, at Hjartat hamrad litet imillom, naar han kom paa Gletten. Det kunde nog vera trøysamt at skoda desse tvo siga og krjupa og byksa; men ingen av deim mælte Ordet. Den einaste Ljod var Fossen, som durad, og Steinen, som rapad, so det skrall i Fjellet. Ingen kunde vita, um

  1. Myket vel.
  2. Eit opfint Utsyn — aa — du er buen? — skal eg byrja paa?