Side:Han Per og ho Bergit.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Per, han saag ut som ein stor, svart Prikk langt uppe. Men no vart han burte i det same; Arne berre høyrde eit Steinrap, som dunde og rullad nedyver. Det skaut Skjelk i Bringa hans. Men sjaa der kom Per atter fram; han hadde inkje viljat vera med den Gongen, um han enn hadde teket til at gletta. „Detta var tungt Arbeid,“ sagde Per, sette seg paa ein Stein og turkad Skallen sin. „Han kann vel inkje vera so langt herifraa no,“ tenkte han, reiste seg og saag ikring, men han kunde inkje skilja nokot. „Holloi!“ skreik han, so det durad i Fjelsidorna; men Fossen durad endaa sterkare, skummad og fossad nedetter. „Berre han inkje er stupt utfyre,“ og Per tok reint Fæla. Han gjekk endaa nokre Stig og saag seg ikring alt i eit. Han haukad ein Gong til so kvast, han kunde, og — var det inkje liksom nokot striputt kravlad der burt paa Steinen. Per var inkje sein, han foor upp. Der laag Mr. Smith ballad in i Kasteplagget sitt, og var nær paa at sovna. Klokka si hadde han dreget upp og stelt alt til fyre Notti. Den eine Armen hadde han krøkt kringum ein Seljerunn, til at liggja dess stødare, den andre laag uppunder Hovudet. Daa han høyrde nokot tusla attmed seg, trullad han um paa hi Sida og glande paa Per. So var det nett, som han hugsad seg litetvetta. Han sette Hatten ende tilvedrs, reiv seg i Augom og sagde med det mjukaste Maalet sitt: „how are you Mr. Per? can you help me down?“[1] Per visste infje, kvat han skulde tenkja, slik snodig Kar hadde han inkje voret i Kast med fyrr; men han kunde paa Handlaget sjaa, kvat det var, Smith’en meinte. „Eg lyt freista,“ sagde han og snudde Reipet av seg. „Skal

  1. Korleides liver du Hr. Per? kan du hjelpa meg ned?