Side:Han Per og ho Bergit.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

leg til og slo Armen kring Midja hennar, „veit du no og, at der er ein, som heiter Vaarherre, og den Mannen slepper inkje deim, som inkje slepper seg sjølv. Det er no han, som fær halda paa oss tvau Bergit, skal me nokortid koma ihop. Men eg fær nog skunda meg, um det inkje skal verta for seint.“ „Ja Reip er heima paa Garden.“ Bergit var inkje sein, og Per var inkje sein, og ei Stund etter var baade Arne og Per paa Vegen uppimot Skardet, for Arne maatte gjeva nokor Rettleiding fyrst. Det store mjuke Reipet, som Per hadde teket med, batt han um Midja, so han kunde vera dess snøggare til at smjuga. Skardet var inkje meir enn ein halv Fjordung fraa Bjørnstadgarden. Der igjenom var skjotaste Vegen upp til Høgfjellet, men sakta so ful, at Ingen plagad ganga honom, for Skardet var fullt av Smaastein, laus Jord og Stup, og ein liten Foss fossad paa den eine Sida, so byrjad ein fyrst gletta, var det ei Guds Lukka, um ein inkje stupte beint ut i Fossen. Per hadde alt byrjat kliva upp gjenom Skardet, Arne stod og saag paa. Og det var nog verdt at sjaa honom Per kliva Fjellet. Han sprang so lett som ei Gjeit fraa Stein til Stein, yver Stup og Bergknattar, han hekk som ei Fluga upp til Fjellsidorna, klemde Knei tett inn mot Steinen, tok so Tak med Armom, sveiv i Lufti, medan han hov seg upp, men gjorde so eit Snøggkast med eine Foten, og uppfyre Knatten var han. Han kraup og han smaug, halvande seg i Kjørr og Stein, snart stod han rak og saag seg um etter nytt Fotafeste, snart bøygde han seg ikring som ei Vidja, men fram gjekk han, høgare og høgare, og vesle Huva daskad um Øyro fyre kvart Stig. Arne stod nedanfyre og saag: „det var Troll til Gut til at ganga i Fjell,“ sagde han og stirte etter