Side:Han Per og ho Bergit.djvu/33

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

vert no Stridregn, fyrr me koma heim i Kveld,“ murrad Arne. „Stridregn? inkje Stridregn! I have Plaid“[1], og dermed breidde Engelskmannen Kasteplagget sit ut og let det hanga laust yver Akslerna.

Heima paa Bjørnstad gjekk det snodigt til den Dagen. Bergit var komi ned fraa Sætri tidlegt med nokre Kjerald, som skulde lagast til, og ho laut upp atter um Kvelden; men daa ho høyrde, at Far hennar inkje kom heim den Dagen, so vart ho verande, for Kari hadde nog stelt det slik, at han Per kunde faa Snøggærend til Bjørnstad, naar det leid ut paa Dagen. Og Per let inkje lenge venta vaa seg. Han kom, og myket vart daa baade kviskrat og lagt ihop deim imillom. Bergit sagde tilslut, at fekk ho inkje han Per, kunde det vera det same med baade Klokkar og Engelskmann, ho vilde inkje hava nokon slik Villtydsk. Per log og tykte, det var ovlega godt sagt av henne Bergit. So hadde det teket til at skymra. Bergit maatte stad, men Per vilde fylgja. Best som dei stod og svallad um detta, kom ein Mann andsloppen springande nedetter Bakken. Per var snøgg nog til at smetta ut med det same, for det var Arne sjølv. Huva var foki av Hovudet hans, Henderna blodutte, Broki og Trøya full av Jord og Leir. „Korleides heve du boret deg aat?“ sagde Kari, daa Arne slengde seg ned paa ein Krakk og vart sitjande der og skaut Pusten, „og kvar er Felagen din?“ „Aa! han sitt nog uppe i Skardet her norpaa og kann korkje koma att elder fram.“ „Kvat Slag? heve du vunnet Fjellet?“ „Var det likt seg daa; du kann vel skyna det, at Mannafot inkje gjeng betre enn Gjeitafot; men slike Folk er det inkje Vit i sume Tider. Me laut snu paa Halvvegen; men

  1. Eg heve Kasteplagg.