Side:Han Per og ho Bergit.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Gras.“ Og so hadde han nog høyrt gjetet ein slik burt i Grendi, som hadde gift seg med ei Bondegjenta. Var det no enn so, at Engelskmannen stundom vitjad henne Bergit, var han inkje den einaste. Ein fin Dag hadde ogso Klokkar Nils Torgerson lettat paa seg og hadde gjenget stilt uppetter. Han vilde no inkje sleppa Taket lel, — og kunde han enn inkje syna seg fyre Arne, var det inkje nokot ilt at halda Vinskap med Gjenta sjølv. Og Nils gjekk der ein, og han gjekk der tvo og tri Gonger men stendigt so stilt, at ingen skulde vita nokot um det.

So var det ein fin Sumarsdag, at Mr. Smith stod i Døri paa Bjørnstadgarden og ventad paa Arne. Han hadde heile Stasen sin paa i Dag, ein striputt Halsklut attp aa og dei tjukkaste Skoerne sine. Snart saag han paa Skoerne og snart paa Himmelen og so inn i Stova til Arne um han inkje kom snart. Men Arne gav seg god Tid. Kari klinte Lefsor; nokra fekk han til Smakabit, nokra lagde ho ned i Skreppa, for Arne var inkje den Mannen, som vilde fara matlaus paa slik Gapaferd, som idag. Idag skulde Smith upp paa den høgaste Nuten i heile Bygdi, som var so bratt at korkje Gjeit elder Mannafot kunde festa seg. Men Smith’en laut no freista lel, han, og so hadde han gnolet so lenge, at Arne vart kjeid og leid av all denne Suti og hadde sidstpaa lovat at fylgja. „Eg kjem no vel inkje heim fyrr seint i Kveld,“ var dei sidste Ordi, Arne sagde i Døri. So bar det avstad. Engelskmannen var i Godlaget sitt idag. Han slengde Yverplagget paa Ryggen, blistrad ei kaat Visa og kastad eit og annat Ord burt aat Arne, som drog seg baketter med Skreppa paa Ryggen. „A very fine morning, — ah? myket fin Morgon Mr. Arne?“ „Aa jau! det