Side:Han Per og ho Bergit.djvu/31

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Mr. Smith var vel kjend i Bygdi. Han hadde voret der ein Gong fyrr, og Folk hadde likat honom vel. Han kunde røda same Maalet som Bygdarfolket rødde; berre ein og annan Gong, naar han vart vreid, elder naar han skulde vera snøgg, byrjad han ralla paa slikt eit snodigt Maal, at ingen kunde skyna honom. Denne Fuglen, som Arne tok imot, var striputt heilt igjenom, striputt Kjole og striputt Vest, striputt Brok og striputte Sokkar. Broki gjekk inkje lenger ned enn til Knei men laag der i ein stor Ball, og Skoerne var snorde til Foten og jarnslegne under, so det dunde, naar Smith’en gjekk gjenom Stova. Men det snaalaste Plagget var daa Hatten lel. Han var rund og graa af Lit, men so var det klistrat elder saumat, ataat, rundt ikring Korkmolar og Hekte og myket annat slikt. Dei skulde han bruka, naar han var ute paa Fiske, for daa stod heile Hatten full av Krokar. Han kunde daa triva ein og røyra honom, naar han sjølv vilde. Folk smaalog seg imillom, naar dei saag Smith’en koma reikande i heile Stasen sin: „han er nog inkje rett i Hovudet,“ sagde dei, „men snild er han lel Stakkar.“ Mr. Smith let deim røda, han stod med Hatten sin han og Troda i Hondi midt ute i Elvi og fiskad. Stundom foor han og kleiv verre enn Gjeiti upp dei brattaste Stup og høgaste Fjell, som inkje Mannafot hadde voret paa fyrr. „Eg heve voret der,“ sagde Smith og skreiv i Boki si. Stundom hadde ogso Folk møttest med honom annanstad, og det paa Bjørnstadsætri hjaa Bergit. Det vart nog ogso funnet dei, som sagde, at det snaudt nog kunde vera fyre inkjevetta, at Smith hadde teket inn til honom Arne denne Gongen. Per kunde slett inkje lika honom. „Eg kann inkje skyna, kvat den Stripefanten vil her. Pengar heve han som