Side:Han Per og ho Bergit.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

inkje skal eg reika paa lik Ferd tidare, det skal vera vist.“ Og dermed treiv han ei Skaal med Mysa og gav seg til at drikka. „Korleides kom du nedetter daa?“ spurde Kari og strauk Trøya hans. „Aa, ein av oss laut freista, og so vart det eg: eg let skura beint ned, eg trudde mest inkje, eg hadde vunnet fram. Men kvar er Olav Nordistova? er Gunnar heima? ein maa sjaa til at faa hin Stakkaren ned atter, han kann verta reint helselaus skal han liggja paa Fjellet i Nott, det heve alt byrjat smaarigna.“ „Nei Gud betre oss!“ ropad Bergit og slo Henderna ihop, „det vilde vera stor Synd, um han skulde koma til nokot; eg lyt springa eg, og sjaa etter Folket.“ Og dermed sette ho stad utyver Jordet og inn paa Plassen, der Gunnar budde. Gunnar var Husmannen hans Arne. Det var nett so myket, han var komen heim fraa Arbeidet sitt. Trøytt var han, hadde difyre slengt seg paa Sengi og var nær paa at sovna. „Er Gunnar heima?“ spurde Bergit og stakk Hovudet inn gjenom Døri. „Aa jau, han ligg nog inne i Koven.“ Bergit inn i Koven. „Gunnar, Gunnar!“ kviskrad ho og rustad litet vetta i honom. „Ja!“ svarad Gunnar, valt yver paa hi Sida og reiv seg i Augom. „Du fær nog hava deg upp som snøggaste.“ „Kvat er no tids?“ „Aa jau, han, Engelskmannen, heve tullat seg veg og kann inkje koma seg heim atter.“ „Kvar daa?“ „Aa han sit øvst i Skardet her nordpaa.“ „I Skardet? og du vil, eg skal ganga etter honom der?“ Ja nett der.“ „Du er daa inkje gali, Vækja, eg skulde halda paa ein annan, der eg snaudt kann halda paa sjølve meg.“ „Du kjem inkje at gjera det fyre inkje maa tru, han heve Pengar den Guten.“ „Inkje vilde eg ganga, um dei baud meg tjugo Dalar i Hondi, trøytt som eg er.“ „Eg visste