So hende det seg ein Dag, daa Arne stod ute
og grov i Jordi, at det kom ein reikande burtetter.
Det var Per. Han sat paa kvite Merri aat Presten,
Taumen laag laus, for det gjekk uppetter Bakken,
Henderna hadde han i Luma, Føterne slang att og fram,
og vesle Toppen paa Huva dinglad um Øyrat hans.
„Goddag, Gud signe Arbeid!“ sagde han, daa han
strauk framum Arne. Arne saag upp. „“Takk! er du
ute i Ruskvedret?“ „Ja, det er litet ruskutt og no,
helst fyre langfarande Folk.“ „Kor langt skal du daa?“
„Eg skal inn til Byen nokre Ærender fyre Presten
eg.“ „Du likar deg hjaa Presten?“ „Ja det var vel
so det, slik ein fin Mann, og god Løn giv han. Eg
heve no alt lagt meg til godes eit hundrad Dalar.“
„So — det rekk inkje til at kaupa Gard fyre.“ „Nei
det er vel so det, men det kjem meir med Tidi, maa
vita.“ Arne byrjad so smaatt grava atter, og Gampen
byrjad skrapa med Hoven og vilde stad. Men Per
vilde nog svalla endaa ei Rid han, heldt atter og
leikad med Taumen. „Det var no — vil du standa
Gamp — ja det var det, eg vilde spyrja deg um Arne,“
og her strauk Per Huva av og ballad henne millom
Fingrom — „um du vilde hava meg til Maag, for eg
heve no lenge havt Hug til henne Bergit og ho“ —
„Bergit er Gardmannsgjenta,“ svarad Arne stutt og
sette Spaden i Jordi. „Sant nog det,“ svarad Per og
slo med Huva paa Læret — „Kor myket krev du?“
spurde han braadlegt og saag upp. Arne stod ei Rid
med Hondi i Sida og studde seg mot Spaden. „Den
Dagen, du kan leggja aatte raude Krune-Setlar framfyre
meg paa Bordet, skal Gjenta vera di, men til dess vert det
inkje nokot av.“ Per sat ei Stund: „det vert lenge
at venta det, maa vita, men eit Ord er eit Ord; du
Side:Han Per og ho Bergit.djvu/29
Utseende
Denne siden er godkjent