Side:Han Per og ho Bergit.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

vilde han — nei han kunde inkje sleppa Bergit helder. Han tykte, han saag Per og heile Bygdi standa attanfyre og lægja aat honom, som hadde voret i Friarbaat, og so tumlad og tullad alt dette slik i Hovudet paa honom Nils, at han laut ganga ut og svala seg litet vetta. Han slang burtetter Jordet, men saag korkje paa Jordepli elder Graset, berre beint ned i svarte Jordi; han tenkte paa, korleides han skulde laga det med Arne. Han Arne kom ogso reikande beint imot, men saag inkje nokot og høyrde inkje nokot, berre grundad paa, korleides han skulde laga det med Klokkaren. Best, som det var, kvakk dei upp baade tvo, for Augo deira møttest; men det stod inkje lenge paa, for braadt med det same fekk Klokkaren Auga paa nokot snodigt upp i Lidi, som inkje vardt funnet, og Arne tykte so klaart at skoda ein framand Baat leggja aat med Bryggja hans, at han laut snu seg og styra Foten ned mod Sjoen. „Tru han bar Kjensel paa meg,“ tenkte Arne um ei Rid og glytte vart etter Klokkaren uppe i Lidi. „Tru han drog Kjensel paa meg“, tenkte Klokkaren og glytte etter Arne ned mot Sjoen. Ut paa Dagen blidkadest Arne, og daa nokre Vikor var lidna, kunde han inkje annat enn lægja med, naar han høyrde, korleides Per hadde lokkat Klokkaren i Friarbaat. For Segni var komi ut yver all Bygdi, (Vaar herre maa vita, kvar det kom ifraa), og Nils Torgerson kunde inkje syna seg, utan det vardt Glis og Laatt og Kviskring mannamillom. Arne kunde inkje neita, at Per’en var ein snerten Kar; men han aatte inkje ei Dust, og so var inkje det meir at røda um. Arne likad inkje at høyra Kari snakka um Per, men naar det no fall slik, spurde han ut eit og annat og byrjad ogso sjaa etter honom meir enn fyrr.