Side:Han Per og ho Bergit.djvu/30

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

hugsar detta Ordet Arne?“ „Eg hugsar det.“ „Farvel daa og Lukka til Arbeid; no fær eg søkja Lukka mi paa Vegen.“ „Farvel, Farvel, og Lukka til.“

————————
Fjorde Stykket.

Vettren var liden, og Vaar laag i Lufti. Isen var gjengen or Fjorden, og Snjoen av Marki. Brumet spratt upp i Lidom, so det var Hugnad at sjaa, og Soli smaug seg so varm og mjuk inn millom Greinom og skulde helsa paa gamle Kjenningar. Vinden strauk lengtande burtyver Sjoen og saag etter Fuglarne, um dei inkje kom snart; for upp i Skogen var alt lagat Hus til deim. Der var stelt og flitt til at taka imot Sumarsgjesterne, Vinden hadde sjølv voret Sopemeister; han hadde boret Rusk og Tros langt ut paa Sjoen, so det kunde sigla til Havs. Trei hadde tveget seg paa Roti med Snjovatn og i Kruna med Regn, so dei stod skinande og glimande, og Vinden hadde turkat deim attpaa. Sjølv foor han ikring og kviskrad og log, strauk upp imillom Greiner og Kvister og fortalde slike Reglor og Rispor, at dei alle opnad Munnen sin og skratlog. „No sprett det lystigt i Lidom,“ sagde Folk, som gjekk paa Bygdarvegen. Og so kom Fuglarne ein etter ein. Steindolpen og Sysvorta og Buskskvetten og Gauken, og snart vart heile Skogen ein einaste Song. Og so kom ogso andre Fuglar reikande, men av eit større Slag, for det var Engelskmennerne, maa vita. aAt deim var ogso lagat Hus, stelt og flitt, og Arne Bjørnstad hadde endaa sett nytt Glas i Vinoaugat i andre Høgdi, for no skulde han og taka imot ein slik stor Fugl, som heitte Mr. Smith.