inkje skyna, kvat han hadde at gjera so langt ned, — saa dreiv han upp atter same Vegen; han hadde ingi Ro paa seg, tykte han. Han ynskte seg halvt um halvt inn i Kyrkja. Men ynskte han seg inn, ynskte Klokkaren seg ut, for galnare enn Songen gjekk idag, hadde han no aldri gjenget. Snart sprang Klokkaren fraa andre Verset midt ned i tridje, snart tok han ein Tone dubbelt so høgt, som han plagad taka honom, snart tullad han seg fast i Songen, og snart stod han radt still. „Eg meiner, Tunkallen heve vitskræmt Klokkaren, eg“, sagde Kyrkjefolket.
Det er fyrr sagt, at Arne inkje kom til Kyrkjeferdi den Sundagen. Arne sat heima i Stova si, men han var inkje god at koma nær i Fyrstningi. Han var ovlega harm; for no var det inkje lenger dult fyre honom, at han hadde julat Klokkaren istadenfyre Per. Han tykte nog, at Maalet hadde voret nokot ulikt, men inkje kunde han drøyma um, at Klokkaren vaagad seg paa Friarfot so seint paa Kvelden. Han tenkte nog ogso, at Per hadde vortet nokot stor og tung, men han kunde inkje skilja so klaart i Myrkret. Inkje hadde han helder teket Tak paa det sidste, og han tok til at eldast no, so det var inkje at undrast paa, um ein Mann fall honom nokot tung. Arne vilde inkje vita av dette, hadde difyre lyft Friaren og kastet honom med eit Sett nedyver. Slik vesall Kryp som han Per skulde no vera Sidstemannen til at segja, at Arne var vorten armveik. Arne sat paa ein Krakk burtmed Vindaugat og saag utyver utan at skoda ein einaste Grand, for Tankarne gjekk ei onnor Leid. Han hadde studt Armarne upp mot Kvarmen, Andlitet var myrkt og strengt. Han sat einsleg i Stova. Tilslutt gjekk det i Døri, og inn kom Kari, Kona hans. Ho stelte