Side:Han Per og ho Bergit.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Klokkaren; so saag han utyver Vatnet, men sagde inkje nokot. Han tykte nog ogso, at Klokkaren vardt nokot lenge burte. Men der kom han, trøytt og utmasad, nidkrøkte seg fyre Presten i Grindi og smatt rundt baketter. I det same saag han upp; der sat Per paa Gjerdet og slengde med Fotom. Klokkaren vardt raud i Andlitet, han visste inkje, um han skulde lægja elder graata av Sinne, berre drog Armen litet til seg og trugad Per med knytt Neve. „Kor er det voret med Klokkaren idag,” sagde Folk, og saag paa kvarandre, „han er so snodig.” Smaat um Senn gjekk dei inn i Kyrkja. Per’en sat atter paa Gjerdet, men han log inkje. Han var vorten so underleg, daa han saag Klokkaren reint sprengd og utmasad; for det skulde inkje kvasse Augo til at sjaa, at han hadde voret paa Sveittearbeid i Nott. Per drog seg tilslut etter dei andre; det var, som han inkje hadde Mod paa at ganga inn. So kom han aat Døri, — dei hadde alt byrjat syngja derinne. Per strauk Huva av men stod endaa ei Stund; so snudde han og slang nedyver atter. Songen hadde teket so underlegt um Hjartat; det var nett, som han hadde ei Synd fyre Vaarherre, og Tankarne hans var inkje der, dei skulde vera ein Sundagsmorgon, for han kunde inkje annat enn tenkja paa Bergit, og korleides alt var gjenget til. Korkje Bergit elder Foreldri hennar var komne til Kyrkja idag, so nokot var det komet imillom. „Du heve gjort det for drygt lel Per,” tenkte han med sjølve seg, der han drog seg burtetter Vegen; „men eg meinte no inkje nokot ilt med det. Eg lyt nog røda med Bergit. Berre han Arne inkje heve sleget for hardt, men Klokkaren er no ein Kropp, som kann tola nokot av kvart.” Per dreiv fyrst ned til Sjoen, og daa han var komen der, kunde han