Side:Han Per og ho Bergit.djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

fyrst med eit og annat, tok so stilt Boki ut av Skaapi og gav seg til at lesa, men glytte ein og annan Gong upp paa Mannen sin. Arne snudde Hovudet og saag, — daa las Kari. — So reiste han seg, tok nokre Fet burtyver Golvet og stod litet framfyre Kari kvar Gong. Kari fekk inkje Augat fraa Boki, „Kvar er Bergit?“ spurde Arne myrkt, men saag inkje burt paa henne. „Aa ho sit nog ute i Svali ho“, svarad Kari og lyfte Hovudet. „Kvat gjerer ho der?“ „Ho gret nog Stakkar, — du heve voret for hard mot henne Arne“, lagde ho til, „Gjenta kann inkje hjelpa, at gamalt Folk skapar seg galet.“ Arne beit seg i Fingren, „Kvinnfolk snakka, som dei hava Vit til“, sagde han kort, tok Huva si og gjekk ut. Mangt og myket flaug gjenom Hovudet paa honom Arne, der han slang nedetter Jordet. Det, som harmad honom mest, var, at no gjekk alt det, han hadde tenkt seg med Bergit upp i Røyk. Arne kunde inkje neita, at han gjerne vilde hava Klokkaren til Maag. Baade var han ein fin Mann og hadde drust Gard. Men inkje var Arne den Mannen, som vilde nidtiggja nokon til at taka Dotter hans, og Klokkaren var venteleg so harm, at han korkje vilde høyra um Friing elder Gifting med henne Bergit no lenger. Nils Torgerson held seg ogso heima den Dagen, daa han no vel var komen fraa Kyrkja. Han var so uppøst, at han visste inkje, kvat han vilde gjera. Han hadde inkje Hug paa at sleppa Bergit no, han so nær hadde fenget Tak i henne; men han var inkje den Mannen, som vilde nidtiggja nokon um Dotter hans, han, maa vita, fyrste Mannen i Bygdi næst Presten og Skrivaren. Vilde Arne endaa orsaka seg, kunde alt verta godt og vel; men kjende han Arne rett, var inkje slikt ventande. Han maatte nog sleppa Bergit lel. Men Per — so