Side:Han Per og ho Bergit.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

all Bygdi, av di ho laag so kyrr og kvilde seg og endaa inkje var vaki. Men det var daa ein, som var vaken lel, og det var han Nils. Men han Nils log inkje. Han hadde fenget Tak i ei Reka (Vaarherre maa vita, kvar han hadde teket henne fraa) og mokad og mokad og gret innimillom av Harm. Godt var det, han hadde voret Veitagravar i si Tid. Det var gamalt Arbeid han hadde i Nott. Sundagsmorgonen kom so skinande og rein. Himmelen var rein, Sjoen var rein, men Nils Torgerson var inkje rein. Han hadde dreget Baaten ned til Sjoen atter; han hadde aust Vatn i honom og skurat og gnikat, alt det han vann. No var Baaten ogso vorten rein, — men Nils Torgerson var inkje rein. Og Kyrkjebaatarne kom, tok Land ein etter ein. Klokka byrjad ljoda, — men der stod Klokkaren paa Bjørnstadstrondi, studd upp til Reka si og gret. Han saag paa Baaten, no var han tilslut ferdug, men han torde inkje leggja ut, fyrr alle Kyrkjebaatarne var komne, at ingen skulde sjaa, kvat Slag Ferd han kom ifraa Sundagsmorgon. Folk paa Kyrkjebakken kunde inkje skyna, kvar Klokkaren var avkomen, men daa steig Klokkaren i Baaten, krøkte seg ned, so ingen skulde bera Kjensel paa honom, heldt seg tett inn med Landet, men rodde, so det fossad um Stamnen. Han batt Baaten fast, snikte seg stilt uppyver Bakken, og daa Presten ut paa Morgonen kom reikande i Kjolen sin, kven annan trur du vel tok imot honom med Kyrkjegrindi enn han Nils Torgerson? Der stod han paa sin gamle Sed og Vis og nidkrøkte seg slik, at Folk trudde, han mest var gjengen or Led. — Per sat paa Gjerdet tett attmed Kyrkjegrindi. Han sat fyre sjølve seg, for han hadde Tankar fyre sjølve seg og. Han log so smaatt, daa han høyrde Folk røda um