Side:Han Per og ho Bergit.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Han ned til Sjoen. Men kvar i all Verdi var Baaten avkomen? Han leitad og leitad, men der var ingen Baat. Han foor att og fram langs etter Fjøra, men der var ingen Baat; han saag utyver Viki, um han hadde reket laus kannhenda, men han saag ingen Baat. Der stod Klokkaren. — „Er han inkje paa Sjoen, kann han vel inkje vera paa Landjordi helder,“ sagde Klokkaren og riste paa Hovudet, „du fær nog ganga heim inott Nils Torgerson, men inkje kann eg skyna slik Trollskap — — kvat skal eg no hitta paa? — ingen veit, kvar Baaten er, og ingen kvar han heve voret helder so er eg lika sæl.“ Og dermed snudde Klokkaren seg ikring og starvad heimatter. Vegen gjekk tett uppunder Bjørnstadfjoset. Klokkaren hadde inkje hugsat seg endaa, han gjekk og grundad paa, kvat han skulde segja til Presten, naar det vart Spurlag etter Baaten; han saag ned mot Jordi, for Ljugetankar er tunge, men daa han kom upp til Fjoset, snaavad han yver nokot og — der stod Baaten, midt paa Vegen, med Framstamn og Atterstamn avhogne og fylld med Myk likatil Æsingi. Klokkaren kvakk upp, vardt standande og glande og glaapad paa Baaten. Han trudde, det var ei Synkverving og reiv seg i Augo, men Baaten vardt standende, der han stod, han. No kunde han skyna alt ihop. Per hadde gjort honom ei Pretta; imorgon var det utyver all Bygdi, at Nils Torgerson var komen heim i Friarbaat, og det endaa til i Presten sin; han vilde verta til Glis og Laatt, kvart han snudde seg. Nils Torgerson stirte paa Baaten og gret av Harm. Det var nog sidste Gongen han gjekk paa Friing. „Han søv godt idag, han Nils“, sagde Folk paa Kyrkjebakken, men Nils hadde havt ei strævall Nott. Soli glytte upp fyre Aasen den klaare Sundagsmorgon og log utyver