Hopp til innhold

Side:Han Per og ho Bergit.djvu/21

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

glimande og skinande i sine beste Sundagsplogg. Lufti var so lett og sval og rein, paa Himmelen var kvar einaste Skyfloke kvorven burt, so han kvelvde seg fin, klaar og blaa liksom fagnande heile Jordi innum Armarne sine. Sjoen hadde opnat det tindrande Augat sitt og speglad i seg heile Himnaleitet og all Bygdi rundt ikring med Mark og Skog og det høge, snaude Fjellet, som stod aalvorsamt og skodad upp i den blaae Himmel. Fuglarne var vakne fyre lengesidan, dei kvittrad og song, spilad Vengjorna ut i Solskinet og lutte med det vesle Hovudet sitt, naar dei sveiv yver Vatnet og skulde vitja gamle Mor, som skulde vera heima idag og verja Reidet. Ho sat no der Stakkar og snudde alt i eit paa Hovudet sitt til at sjaa, um Hauken elder ein annan slik stygg Fant var nær. Men inkje tarv du ræddast idag gamle Mor, so stilt og fredsælt alt er ikring. Idag er det Sundagsmorgon. Kyrkja stend der paa Bakken med sin høge Spir; ho skodar utyver Vatnet, um dei koma, dei som idag skal høyra det hellige Ordet og verta lyfte med Bøn og Song upp til Gud i Himmelen, dei som idag skal verta signad og fredlyste til at ganga gjenom den mødefulla Vyrka med sjølve Gud som Fylgesmann baade paa Land og Sjo. Og sjaa der koma dei, ein etter ein, dei store Kyrkjebaatarne, sigande inn gjenom Viki. Folk stiga i Land, dei taka kvarandre i Hondi og segja Takk fyre sidst; so sankast dei smaatt um Senn ikring Kyrkja, paa Vollen og Vegen, Kvinnfolk med kvite Skaut og Sylgjor og Salmebok millom Hondom, Mennerne i Helgartrøya med dei blanke Knapparne. Dei venta paa Presten og Klokkaren, medan Kyrkjeklokka byrjar ljoda, og Tonen berst vida kring i den kyrre Morgon, yver Vatnet, yver Skogen, yver Mark