Side:Han Per og ho Bergit.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

er lengesidan sidst, — eg trur det var i Dansen uppe paa øvste Garden.” „Ja det er sant, det var i Dansen; det var ein trøysam Kveld det Bergit, jamen var det so. Var det inkje der han Per Prestegarden kom i Basketak med Olav paa Berget?” „Jau det var so det.” „Korleides likar du Per?” „Aa, det er nog ein Villstyring det, han kjem seg aldri vidare fram,” sagde Bergit og glytte burt aat Døri, um inkje Far hennar lurte. „Var det likt seg daa,” sagde Klokkaren og gnikad seg paa Knei, „slike Unggutar som han, er det aldri verdt at vyrda nokot. Dei renn likaso snart, som dei er komme.” „Hyss! du maa inkje snakka so høgt, dei kunde høra deg, „ kviskrad Bergit. „Det er vel inkje so faarlegt,” meinte Klokkaren, „Far din og eg er fine Viner me, maa vita”, og Klokkaren log med sjølve seg. „Men eg vilde no spyrja deg Bergit, um du inkje trur, det kunde verta Parfolk av oss tvau. Gard heve eg og Klædabunad, og alt det, du kann ynskja, so Føda skal du sleppa at syta fyre.” Kvat trur du Far min vil segja daa?” „Far din? det skal nog laga seg; Far din slær til strakst, han,” skreik Klokkaren. „Det var eit sant Ord det”, ropad ei Røst i det same, og dermed fekk Klokkaren eit Nakkadrag, so han tumlad, ei onnor Hond tok Tak i Broki, og ut for Nils Torgerson gjenom Døri, nedyver Tropperna og vart sitjande som klumsad midt paa Vegen. Der sat Klokkaren.

————————
Tridje Stykket.

Sundagsmorgonen kom, og slik ein fin Morgon hadde det inkje voret paa lang Tid. Det var nett som all Bygdi var tvegi av Nattardoggi, og no stod