Side:Han Per og ho Bergit.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

fast. „No lid det,” tenkte Per, han liktest burt paa Vegen ein svart Prikk.

Bergit hadde inkje tenkt nokot vidare yver det, som Per og ho hadde svallat um hin Kvelden. Per, visste ho, vilde inkje koma, og daa ho ingen annan vilde hava enn Per, hadde ho stengt Døri, fyrr ho lagde seg paa Sengi. Men bedst, som det var, tyktest ho høyra nokot tusla utanfyre Glaset, liksom ein kakkad paa Ruta, fyrst ein Gong, so ein til, og tilslut tridje Gongen. Bergit slengde Stakken kring seg, og smatt burt aat Glaset. „Kven er det? er det du Per?” kviskrad ho innanfyre, „Nei det er eg,” svarad ei Røst utanfyre og gjorde seg so fin, som det var mogelegt. „Eg? kvat er du for ein Kropp?” spurde Bergit. „Det er eg, han du veit nog,” svarad Klokkaren og gjorde seg søt under Glaset. Lenge var det stilt. Klokkaren lydde, for han tykte, han høyrde nokon lægja innanfyre; men sidstpaa riktad Døri, og Bergit keik ut. „Nei er det du daa, kvifyre sagde du inkje det strakst, — so du kjem til meg so seint paa Kvelden Nils, det var daa snildt av deg lel.” Og Bergit drog Klokkaren inn gjenom Døri. „Jau, ser du, han Nils er no inkje so gamall og stør, som han ser ut til, naar han stend i Kyrkja; han kann ogso fara paa Leik suma Tider. Og deg heve eg no baade lært at lesa, og eg heve dansat med deg paa Leikvollen, og eg heve alltid likat deg godt og vel Bergit; for du er inkje slik berre med Glis og Laat, som dei andre Gjentorna elder slik, som det inkje er Ordet i. Baade fin og snild er du, og Vit bur det i deg.” „Du læst no vel berre so no Klokkar,” sagde Bergit, for inkje heve eg nokot framum dei andra, slik liti Vækja, som eg er. — Men set deg no ned og lat meg faa svalla med deg ei Stund; det