Side:Han Per og ho Bergit.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Vedr idag,” hostad han og saag rundt ikring. „Ja vel og,” sagde Per, „ein kunde gjerna ganga berarmad fyre den Skuld.” „No — du skal vel paa Friing i Kveld du daa Per,“ sagde Klokkaren, log litet i det same og pitlad nokot Smaastein or Sanden. „Aa nei! Gud betre meg, eg kjem nog inkje meir paa den Leidi,” sukkad Per og upp til Augat med Trøya — det vert inkje nokot av millom meg og Bergit.” „Kvat Slag? korleides gjeng det til?” spurde Klokkaren og saag med store Augo paa Per. „Eg veit inkje korleides det heve seg, men visst er det, at Far hennar heve set henne upp. Fyrr var Bergit baade blid og god, men sidste Gongen, eg sat hjaa henne, vilde ho inkje vita nokot av meg. Ein Storkar hadde nog rødt med Far hennar, — Namn nemde ho inkje — men det vert nog so, at dei tvau kjem ihop. Ho kjende inkje nokot større til honom ho helder, men han kom nog ikveld, meinte ho, so ho kunde faa svalla litetvetta med honom. Klokkaren skulde inkje vita, kven det var — ein stor fin Mann var det, sagde ho. Aa jau, det gjeng so i Verdi; Rikdomen fær beste Fagnaden.” Per sukkad, tok Huva upp til Augo, som vilde han turka seg, men glytte burt paa Klokkaren, som sat og lydde. „Det var ein Smakabite,” tenkte Per og log med sjølve seg, „men du tarv nog litet til. Eg vilde no spyrja Klokkaren som ein gamall og vitug Mann, kvat han vilde telja til, for harmelegt er det, at ei slik fager Gjenta skal ganga fraa meg. Og so snøgt det var at koma yver til henne daa! Eg slapp at ganga den lange Vegen rundt Viki, for den gamle Baaten til Presten ligg ned med Bryggja, og det er ingen, som brukar honom vidare. Strakst eg var ferdug med Arbeidet um Laurdagskvelden, strauk eg berre ned til Sjoen,