segja; og um inkje me, som no styra og stella med alt slikt nokot, byrjad skriva og træla fraa tidleg Morgon til seinaste Kveld, so saag det ilt ut i Bygdi. Det kom til at sturta alt ihop, skynar du — jamen kom det til at gjera so” — og Klokkaren sputtad i Marki. „Det er Arbeid, som tek paa Merg og Bein det Gut slik Lesing og Staak, ein kan verta baade vesall og bleik” — og Klokkaren snaut seg i den raude Nosi. „Puh! eg heve nog gjenget snart idag,” sagde han, turkad seg i Skallen og slengde Hondi ut mot Per, — „det leitar meir paa alt slikt, maa tru, enn at sopa og grava og” — — „Det er vel so det,” tok Per frami, „Klokkaren heve vel aldri gravet ei Veita han,” og so blinkad Per’en fult upp paa Nils. Nils let, som han inkje høyrde, snudde seg og lagad seg til at ganga inn. „Fa’r er vel heima no,” nikkad han og krafsad litet paa Boki. „Jau, heima er han, for han ligg nog i Sengi.” Klokkaren skrapad alt av seg paa Dørstokken og kostad paa Plagget sitt, daa han høyrde ein øgeleg Sukk, og der stod Per, studd paa Soplingen med Andlitet mot Jordi og Huva upp til Augo. „Eg vilde nog gjerna faa røda litetvetta med deg,” sagde han og turkad liksom ei Taara burt med Huva. „Ein annan Gong, Sonen min, no heve eg inkje Tid,” og Klokkaren tok alt Hondi paa Klinka. „Det var no um henne Bergit Bjørnstad maa vita,” tok Per i og glytte litet upp. Klokkaren slepte Hondfestet, stod eit Bil, snudde seg so beint ikring og saag paa Klokka si: „det er nog for tidleg at ganga inn aat honom Fa’r endaa, og det er inkje verre Vedret, enn at eg kann sitja ute likasogodt som inne.” Og dermed sette Klokkaren seg beint ned paa Troppi. Han sat no slik ei Stund. So byrjad han hosta. „Det er fint
Side:Han Per og ho Bergit.djvu/15
Utseende