Side:Han Per og ho Bergit.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

rodde yver og sprang upp Bjørnstadbakken; so var det gjort, for Koven hennar Bergit ligg lika med Stigen til Fjoset, nett der, du kann sjaa, paa høgre Hondi” — og Per peikad burtetter, der som Vindaugo glitrad — „og so visste ho so vel, naar det var eg, for eg var alltid fyrst, og so kakkad eg tri Gonger smaat paa Glasset. Eg hugsar endaa sidste Laurdagskvelden — — Vedret var likaso bjart som idag — — men no skal Prestabaaten faa liggja i Fred fyre meg. Eg kann verta so harm, so harm, naar eg tenkjer paa, at ein annan skal fagna Bergit i Kveld. Er det inkje tregelegt Klokkar, og ho var inkje meir en sekstan Aar.” — — — „Dei er slika Gjentorna alle ihop, min gode Per,” sagde Klokkaren med Vyrdnad, reis upp fraa Troppi og lagde den eine Hondi paa Oksli hans Per — „Ungdom og Visdom er sjeldan saman; gakk du til ei onnor du, og ver lika sæl; det er no vel alltid dei, som vil hava deg, um dei no inkje er so unga, og gamla Skoer fella best aat Foten.” „Aa ja, Klokkaren maa vel vita slikt han, som hadde seg ei snild og vitug Kona,” sagde Per og glytte upp aa Nils. „Hm! — krymtad Klokkaren, — gild Kona var det, det var visst; Synd at segja annat — Hm — Hm — —.” Det er inkje so greidt at sleppa det, ein fyrst heve sleget Hugen paa, det veit nog Klokkaren fraa den Tidi, Kona hans do, — — og fær eg inkje sjaa og kviskra meir med Bergit um Laurdagskvelden, so” — — „Du maa inkje tala slik,” sagde Klokkaren tungt, lagde Armarne i Kross yver Brjostet, krymtad og slo alt i eit yver i det sine Maalet, — „veit du inkje kvat den store Salomo segjer? — aa nei, du er vel inkje kjend med honom du. Han siger, — ja kvat er det no han segjer? — — aa ja, det kann vera Slikslag,