Side:Han Per og ho Bergit.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

hadde no Lukka med seg, kor som var, han vart gift med Ekkja, fekk stor Gard, rødde vel med Presten, og du kann tru, det vardt Kviskring i Bygdi, daa Nils Torgerson var vorten Klokkar og Kyrkjesongar. Men etter den Dagen skulde du snaudt nog kjenna Nils’en atter. Han var vorten ein Fot høgare, strekte den krokutte Ruggen sin so rak, han kunde, fekk seg ei Huva med Silkefor og blankt Huveslag, og naar han so med ei Bok under Armen starvad nedetter til Presten, var det nett, som ein Staur drog seg burt etter Vegen. Naar Bygdarfolk helsad til honom, so nikkad berre Nils, men kom so Presten elder Frua hans reikande, jau daa stod han Nils paa Vegtromen med Huva i Hondi og nikrøkte seg slik, at Folk kunde tru, han var gjengen or Led. Ellest hadde han Nils god Røst i Kyrkja, var godsleg i Samlag, helst naar han hadde fenget seg ei Krus Øl yver Torsten. Daa skein Andlitet paa honom, han gartad med Gjentom, flirte litet imellom, tok seg ein Sleng i ein Springar, og Munnen gjekk so snogt som ein Kvernakall. Klokkaren var gløymd fyre lengesidan, og gamle Nils’en var komen atter. Han Nils var alt gamall i Embættet sit, men endaa livde Ekkja. „Gamle Sinar er seiga,“ sagde Nils og skaut Rukka paa Skallen, „men ho gjerer inkje Ugagn helder Stakkar.“ Tilslut do Ekkja, og gamle Gudbrand i øvste Garden ertad stendigt honom Nils med, at aldri hadde han sunget so klaart, som daa Kona hans foor i Jordi. No var han fri Mann paa Garden, hadde Naut og Pengar paa Kistebotnen. „No kan eg gifta meg atter,“ sagde Nils og skok seg paa Ryggen, „etter ei gomol fær eg ei ung, so heve eg freistat baade Slag.“ Og no gjekk han Nils paa Friing til henne Bergit.